平谷区第四届人民代表大会第四次会议代表议...
Maur | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Krepsdyr Crustacea |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | ?revenger Hymenoptera |
Infraorden: | Broddkvefsar Aculeata |
Overfamilie: | Formicoidea |
Familie: | Maur Formicidae Latreille, 1809 |
Maur er hovudsakleg sm? insekt som utgjer ein familie av ?revenger. Dei er i n?r slekt med kvefsane, s?rleg stikkekvefs og Scoliidae. Maur er av nokre rekna med i overfamilien Vespoidea, av andre som ein eigen overfamilie, Formicoidea.
Dei er om lag litt over 1 cm lange. Det finst over 9 000 ulike artar i verda, men berre 53 er funne i Noreg. Dei er sosiale insekt, som lever i kompliserte samfunn. Mange artar byggjer forseggjorte bol (som til d?mes maurtuer).
Utsj?nad
[endre | endre wikiteksten]
Mauren har eit kuleforma lekamsledd (pedicel), mellom brystet (thorax) og bakkroppen (abdomen), dette leddet er hj? kvefsen samanvakse med brystet.
Hovudet har kneb?ygde antenner, det vil seie at dei har eit langt ledd fyrst, som er om lag s? langt som halve antenna. Etter det kjem fleire sm? ledd som er runde, eller litt avlange.
Utanom fasettauga har mauren tre punktauge som er plassert i ein trekant p? panna.
Munnen er dominert av kraftige kjevar. Med desse kan mauren l?fte og bere med seg mat og byggingsmateriale til bolet. Kjevane vert òg brukte til ? dele opp st?rre gjenstandar.
Dei fleste maurane i eit samfunn er vengelause, og vert kalla for arbeidarar (sterile hoer). Nokre artar har òg ufruktbare hoer som vert kalla soldatar. Nokre artar har arbeidarar med ulike storleikar, som utf?rer ulike oppg?ver.
Dronningane (dei forplantingsdyktige hoene) og hannane er som oftast ? finne utp? seinsommaren, og dei fleste har venger. Hj? nokre artar er det berre eitt av kj?nna som har venger. Under sverminga som kj?nnsindivida (dei forplantingsdyktige) driv med, kan det vere arbeidarar med venger. N?r ein ny stad er vald, bit desse arbeidarane av seg vengene.
Nokre artar har brodd, medan dei som ikkje har det, i staden kan bite hardt og spr?yte ?gift? i s?ret. Gifta vert kalla maursyre og minner om eit stoff som òg finst i enkelte planter.
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Maur er eusosiale og har mange likskapstrekk med andre samfunnsdannande artar innanfor ?revengene, som stikkvefs, honningbier og humler. Egga vert lagde av éi eller, hj? nokre artar, fleire fr?ve (avlef?re/fruktbare) hoer eller dronningar. Dei fleste utklekte maurane utviklar seg til ufr?ve, vengelause hoer me kallar arbeidarar. Grunnen til at dei er sterile, er den kjemiske innverknaden dronninga har p? samfunnet. Arbeidaren som steller avkommet, forar ikkje larvene nok til at dei vert heilt uvikla og kj?nnsmodne. For at dei skal verte kj?nnsmodne, m? dei forast p? ekstra n?ringsrik mat. Hannar utviklar seg fr? ufr?dde egg.
Medlemmer av eit samfunn kommuniserer ved hjelp av feromon.
Sverming
[endre | endre wikiteksten]
Nokre gonger svermar maur, det vil seie at ei gruppe av maur forlèt bolet (samfunnet) for ? etablere seg ein ny stad. Dette skjer til litt ulike tider og p? ulike m?tar.
N?r bolet har n?dd ein viss storleik, produserer samfunnet hannar (dronar) og kj?nnsmodne hoer (dronningar). Hj? dei norske artane, unnateke gjestemauren, har desse kj?nnsindivida venger, og flyg ut p? ei kort eller lengre paringsflukt. Hj? enkelte artar svermar òg mengder av arbeidarar. Desse svermane kan telje s?rs mange individ. Sverminga kan skje plutseleg og til same tid hj? fleire samfunn. P? den m?ten kan gen fr? ulike samfunn blandast. Desse kan nokre gonger sl? seg saman til gigantiske svermar. Tidspunktet kan vere styrt av mellom anna temperatur, luftfukt og vindstille ver.
Paring
[endre | endre wikiteksten]Hj? artar med eit lite tal individ i maurtua er dronninga ofte vengelaus. Ho sit ute p? tua og sender ut feromon. Dette er luktstoff ho utsondrar p? bakkroppen. Hannane (dronane) opps?kjer dronninga for ? pare seg p? bakken, ved bolet.
Artar som lever i store samfunn, har kj?nnsindivid med venger, og desse flyg gjerne langt vekk fr? bolet. Her er det hannane som utsondrar feromon, og dronningane som kjem inn i svermen for ? verte para. Under paringsflukta grip ofte ein hann tak i ei ho i lufta, og dei landar p? bakken der paringa finn stad.
Hannane d?yr kort etter paringa. Dronningane overvintrar.
Danning av nye samfunn
[endre | endre wikiteksten]Hj? nokre f? artar vil dei fr?dde (befrukta) dronningane vende tilbake til maurtua dei kom fr?, for ? leggje egg der. Men dei fleste grunnlegg nye samfunn etter ei overvintring. Berre nokre f? av dronningane vil lukkast med ? etablere eit nytt bol. Dronningar som flyg, vert ofte bytte for fuglar, augestikkarar og andre. N?r dei landar, bit dei av seg vengene, og kryp rundt for ? finne ein eigna stad for det nye samfunnet. P? bakken er dei utsette for mange farar fr? edderkoppar, biller, fuglar og pattedyr.
Klaustral etablering
[endre | endre wikiteksten]Hj? somme artar, mellom anna jordmaur og stokkmaur, dannar dronninga eit nytt samfunn ?leine. Det kan by p? store p?kjenningar. Om hausten finn ho seg ein stad ? overvintre, i eit holrom under ein stein eller ei grein. Ho tettar alle opningane og etablerer her eit nytt bol.
N?r v?rsola byrjar ? varme, legg ho opptil 20 egg. Ho m? ?leine s?rgje for dei fyrste larvene og ale opp dei fyrste arbeidarane. Dei f?r eit n?ringsrikt ?spytt?, og ho legg nokre s?rskilde ?egg? som larvene et. N?r dei fyrste arbeidarane har n?dd sitt vaksne stadium, byrjar dei straks ? hjelpe dronninga med bolet. Dei skaffar mat og pleier avkommet.
Dronninga har no ikkje teke til seg f?de sidan hausten, og fasta nesten eit heilt ?r. Med si eiga opplagra n?ring har ho funne, og byrja p? bygginga av eit nytt bol, overvintra, lagt egg og alt opp avkommet.
Hj? stokkmaur og jordmaur kan to dronningar g? saman om ? danne eit nytt samfunn. I nokre tilfelle kan faktisk to dronningar av to n?rst?ande artar g? saman. D? kvar koloni hj? desse artane berre har ei dronning, m? han delast, som hj? jordmaurane. Stokkmaurdronningar som har hjelpt kvarandre med ? etablere bol, sl?st til dauden, og den eine sigrar.
Halvklaustral etablering
[endre | endre wikiteksten]Hj? dei fleste artane i slekta Myrmica lagar dronninga ei opning i bolet under etableringa og tek vidare ein tur ut for ? finne mat til seg sj?lv og avkommet. Mange dronningar vert etne av rovdyr f?r bolet er etablert med utvaksne arbeidarar. N?r mange nok arbeidarar er vaksne opp, sluttar dronninga ? flytte p? seg, og vert verande i bolet resten av livet. Arbeidarane forar ho opp.
Utvandring
[endre | endre wikiteksten]Nokre artar svermar ikkje, men forlèt moderbolet til fots for ? etablere eit nytt bol i n?rleiken. Dette er vanleg hj? dei skogmaurane som byggjer tue (Formica sp.). Ofte er det kontakt (ein maursti) mellom bola.
Tempor?re sosialparasittar
[endre | endre wikiteksten]Nokre maurartar er delvis parasittar og vert kalla tempor?re sosialparasittar. Dei tek over eit bol som allereie er etablert. Etter paringa leitar dronninga opp ein passande koloni, trengjer seg inn og g?r til kamp mot dronninga i bolet. Dersom ho g?r av med sigeren, tek ho over styringa og tek til ? leggje egg. Arbeidarane som er der fr? f?r, hjelper ho ? ale opp avkommet. Etter kvart vert det fleire og fleire individ av parasittmauren, som til slutt tek over heile bolet.
Bolet
[endre | endre wikiteksten]Mange maurartar byggjer dei typiske bola me kallar maurtuer. Desse har innvendige rom og gangar og kan g? djupt ned i jorda. Nokre artar byggjer bol som heng i tre. Nokre bur i tre eller nede i jorda, under ein stein eller liknande. S?kalla vandremaur har ingen fast bustad, men lever nomadisk som vandrarar. Nokre av artane byggjer mellombels bol.
Bolet til jordmaur er oftast lagt i jorda, ofte under ein st?rre stein, eller ein annan gjenstand. Det vert ofte danna lause tuer av jord over bolet. Det kan skje at jordmaur etablerer bol i ròteskadd treverk innand?rs, eller i isolasjonen under til d?mes eit baderomsgolv. Maur i bygningsmateriale er eit problem ein b?r ta alvorleg. Ofte er det jakta p? mat som er ?rsaka til at maur etablerer seg i hus.
Dronninga er i bolet heile tida, der ho legg egg.
Systematisk inndeling av norske artar
[endre | endre wikiteksten]

Dei to mest artsrike underfamiliane i Noreg kan ein skilje p? det vesle runde ekstra kroppsleddet (pedicel), som hj? Myrmecinae er todelt og lengre enn det er h?gt, medan det hj? Formicinae er enkelt og h?gare enn det er langt.
Systematikken fylgjer Bolton, 1995 og Seifert, 1996. Dei norske namna er henta fr? den norske namnelista i Fauna 35(2) (sj? kjeldene).
- Ordenen ?revenger (Hymenoptera)
- Underordenen Stilkkvefsar (Apocrita)
- Gruppa Broddkvefsar (Aculeata)
- Familien maur (Formicidae)
- Underfamilien Ponerinae
- Slekta Hypoponera
- Kompostmaur (Hypoponera punctatissima, Roger, 1859)
- Slekta Hypoponera
- Underfamilien Myrmecinae
- Slekta eitermaur (Myrmica)
- Sandeitermaur (Myrmica rugulosa, Nylander, 1846)
- Myreitermaur (Myrmica scabrinodis, Nylander, 1846)
- Myrmica sabuleti (Meinert, 1860)
- Myrmica lonae (Finzi, 1926)
- Myrmica sulcinodis (Nylander, 1846)
- Hage-eitermaur (Myrmica rubra, Linnaeus, 1758)
- Snylte-eitermaur (Myrmica microrubra, Seifert, 1993)
- Vanleg eitermaur (Myrmica ruginodis, Nylander, 1846)
- M?rk eitermaur (Myrmica lobicornis, Nylander, 1846)
- Schenck-eitermaur (Myrmica schencki, Emery, 1894)
- Slekta Symbiomyrma
- Snyltemaur (Symbiomyrma karavajevi, Arnoldi, 1930)
- Slekta smalmaur (Leptothorax)
- Vanleg smalmaur (Leptothorax acervorum, Fabricius, 1793)
- Leptothorax muscorum (Nylander, 1846)
- Svarthovuda smalmaur (Leptothorax tuberum, Fabricius, 1775)
- Slekta Formicoxenus
- Gjestemaur (Formicoxenus nitidulus, Nylander, 1846)
- Slekta Harpagoxenus
- Harpagoxenus sublaevis (Nylander, 1852)
- Slekta Stenamma
- Skuggemaur (Stenamma debile, F?rster, 1850)
- Slekta Tetramorium
- Tetramorium caespitum (Linnaeus, 1758)
- Slekta Myrmicinae
- Tregmaur (Myrmicinae graminicola, Latreille, 1802)
- Slekta eitermaur (Myrmica)
- Underfamilien Dolichoderinae
- Slekta Dolichoderus
- Fireflekka tremaur (Dolichoderus quadripunctatus, Linnaeus, 1767)
- Slekta Dolichoderus
- Underfamilien Formicinae
- Slekta stokkmaur (Camponotus)
- Vanleg stokkmaur (Camponotus herculeanus, Linnaeus, 1758)
- Varmekj?r stokkmaur (Camponotus ligniperda, Latreille, 1802)
- Sotsvart stokkmaur (Camponotus vagus, Scopoli, 1763)
- Slekta Polyergus
- Amasonmaur (Polyergus rufescens, Latreille, 1798)
- Slekta Lasius
- S?rleg sandmaur (Lasius psammophilus, Seifert, 1992)
- Vanleg sukkermaur/Svart jordmaur (Lasius niger), Linnaeus, 1758)
- Tvillingsukkermaur (Lasius platythorax, Seifert, 1991)
- Brun tremaur (Lasius brunneus, Latreille, 1798)
- Gul engmaur (Lasius flavus, Fabricius, 1781)
- H?rete jordmaur (Lasius umbratus, Nylander, 1846)
- Gul fuktengmaur (Lasius mixtus, Nylander, 1846)
- Kystjordmaur (Lasius meridionalis, Bondroit, 1919)
- Gul kalkjordmaur (Lasius carniolicus, Mayr, 1861)
- Svart tremaur (Lasius fuliginosus, Latreille, 1798)
- Slekta skogmaur (Formica)
- Underslekta sauemaur (Serviformica)
- Svart sauemaur (Formica fusca, Linnaeus, 1758)
- Vanleg sauemaur (Formica lemani, Bondroit, 1917)
- Myrsauemaur (Formica transkaucasica, Nassonov, 1889)
- Nordleg sauemaur (Formica gagatoides, Ruzsky, 1904)
- H?rete sauemaur (Formica cinerea Mayr, 1853)
- Raudleg sauemaur (Formica rufibarbis, Fabricius, 1793)
- Underslekta raude skogmaur (Formica)
- Svarthovuda skogmaur (Formica uralensis, Ruzsky, 1895)
- Formica pratensis (Retzius, 1783)
- Raud skogmaur (Formica rufa, Linnaeus, 1758)
- Formica polyctena (F?rster, 1850)
- Formica aquilonia (Yarrow, 1955)
- Formica lugubris (Zetterstedt, 1840)
- Lyshovuda skogmaur (Formica truncorum, Fabricius, 1804)
- Underslekta Raptoformica
- Slavehaldarmaur (Rovmaur, Formica sanguinea Latreille, 1798)
- Underslekta kl?ftehovudmaur (Coptoformica)
- Vanleg kl?ftehovudmaur (Formica exsecta, Nylander, 1846)
- Formica pressilabris (Nylander, 1846)
- Forsslunds kl?ftehovudmaur (Formica forsslundi) Lohmander, 1949
- Svensk kl?ftehovudmaur (Formica suecica)
- Underslekta sauemaur (Serviformica)
- Slekta stokkmaur (Camponotus)
- Underfamilien Ponerinae
- Familien maur (Formicidae)
- Gruppa Broddkvefsar (Aculeata)
- Underordenen Stilkkvefsar (Apocrita)
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Bolton, B. 1995. A New General catalogue of the Ants of the World. Harvard University Press. 504 sider. ISBN 0-674-61514-X.
- Fauna 1982: Norske dyrenavn med tilh?rende vitenskapelige navn. B: Insekter, edderkoppdyr og myriapoder. Norsk Zoologisk Forenings tidsskrift, Fauna 35(2). s. 1–45.
- H?gvar, Sigmund. 1998. Norske maurs forunderlige liv. Norsk entomologisk forening. Insekt-Nytt 23 (2) Arkivert 2025-08-04 ved Wayback Machine. s. 5–51.
- Seifert, B. 1996. Ameisen: beobachten, bestimmen. Augsburg. Naturbuch Verlag. 352 sider.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) maur hos Artsdatabanken
- (en) maur – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) maur i Catalogue of Life
- (en) maur i Encyclopedia of Life
- (en) maur i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) maur hos Dyntaxa
- (en) maur hos Fauna Europaea
- (en) maur hos Fossilworks
- (en) maur hos ITIS
- (en) maur hos NCBI
- (en) Kategori:Formicidae – bilete, video eller lyd p? Wikimedia Commons
- Norges veps, maur, humler og bier - norsk side, mest om maur
- Norsk Entomologisk Forenings atlas over norske maur (p? engelsk)
- Tree Of Life: Formicidae - bilete
- Antweb